Suldalsvassdraget er det mest vassrike vassdraget på Vestlandet. Uregulert var vassføringa 91 m3/sek. i årsmiddel, varierande frå 700 i flaumepisodar i nedbørrike år til ned mot 5 m3/sek i kalde vinterperiodar. P.g.a. høgtliggjande nedslagsfelt (stor del over 1000 m.o.h. i eit nedbørrikt område), kjem det meste av snøsmeltinga frå midten av juni til slutten av juli.
Dette har prega den økologiske tilpasninga til laksestamma: Låg temperatur og stor vassføring før regulering medførte at oppgang av laks og sjøaure forbi Sandsfossen oftast ikkje tok til før eit godt stykke ut i juli månad. Sjøauren går for det meste opp i juli og august medan laksen går opp t.o.m. oktober månad. Tilsvarande føregår gytinga relativt seint (desember-januar) og yngelen kjem opp av grusen først i juni. Tilvekst første sommaren er kritisk flaskehals for overleving.
Mellom 1963 og 1987 vart det gjennomført to store kraftutbyggingar i Suldalsvassdraget oppstraums Suldalslågen, først Røldal-Suldalanlegga og deretter Ulla-Førreanlegga. Gjennom overføring av andre vassdrag (m.a. Ulla og Førreåna) er årsmiddeltilsiget auka frå 91 til 150 m3/sek. medan middeltilsiget til Suldalslågen er redusert til ca. 50m3/sek (1989-96). Resterande 100 m3/sek går frå Suldalsvatnet gjennom Hylen kraftstasjon inst i Hylsfjorden.
I manøvreringsreglementet fastsett då Statkraft SF fekk konsesjon til å byggje ut Ulla-Førreanlegga med Hylen kraftverk, vart det bestemt at Hylen kraftverk skulle stå i månadene juni og juli med mindre vassføringa ved Sandsfossen kom over 350 m3/sek. Vassføringa til Suldalslågen ut frå Suldalsvatnet (dam Osvad) er frå 1998 bestemt gjennom eit nytt prøvereglement som vil gjelde til 2004 eller 2005 då endeleg vassføringsregime skal fastsetjast.
Dette inneber at Hylen kraftverk også kan produsere i juni og juli. I perioden 1990-2003 vert det gjennomført eit omfattande undersøkingsprogram som nærast gjer elva til eit stort forskningslaboratorium og til ei av dei mest undersøkte lakseelvar i verda.
Forskninga til og med 1997 er oppsummert i ein rapport utarbeidd av Lakseforsterkningsprosjektet i Suldalslågen. Av konkrete forsterkningstiltak vert det gjennomført kalking av sideelvar til Suldalslågen og kultiveringsarbeid på laks gjennom smoltutsetting.