Det finst ei uvaleg rik samling av historiske dokument knytt til Suldalslågen. Ein særleg grunn til det er dei spesielle eigedomstiløva ved Sandsfossen nederst i elva og dei mange rettstvistane knytt til dette. Seinare har vi den såkalla Archer-epoken som også er godt dokumentert. I nyare tid har vassdraget vore gjennom to store kraftutbyggingar i regi av Norsk Hydro og StatkraLitteratur:
Kampen om Suldalslågen– Advokat Trygve Wyller 1927 (80 s)
Laksen og Lågen– Tor Sylte 1981 (120s)Laksen og Lågen 2.utgave- Tor Sylte, redigert og oppdatert fram til i dag av sonen, Ole Sylte 2008 (144 s)
Sands laksefiske gjennom 600 år.– Førstearkivar Blom Svendsen 1927
Laksefisket i Suldalslågen – Karl Wyller(artikkel i Stavanger Turistforenings årbok 1968 s 21-68)
Ingenting er som å få noe til- Fortellingen om Røldal-Suldal Kraft– Jon Storækre 1991
Ulla-Førre – Boka om Norges største vasskraftutbygging– Roy Høibo 1987
Rull nedover for ei vandringi Suldalslågens spanande historie!
Gåvebrev frå biskop Arne til kannikane ved Stavanger domkapitel datert 14.september
Dette er det eldste bevarte heimelsbrevet i tidlegare Sand sokn. Biskop Arne gjev med det brevet garden Fakstad til kannikane (prestane i domkyrkja.)sitt bordhold i Stavanger. For dette skulle prestane årleg på fødsels- og dødsdagen hans lese sjelemesse for han. Originalteksten på latin saman med norsk oversetting er vist i Sand – gardar og folk bind II s 532. Sjå også Diplomatarium Norvegicum 21.
Straks etter let kannikane setja opp eit nytt laksekjer i Sandsfossen og starta dermed ein langvarig strid med Suldalsbøndene og med munkane på Halsnøy kloster som og hadde hand om grunn og fiske.
Les meir i Sand - Gardar og folk bind III.
Den 24. mai fell det dom i sak mellom Bård prest på Sand på vegne av kannikane i Stavanger og suldalsbøndene om fisket til Sandskyrkja (nordsida)
Det var rundt 1290 at suldalsbøndene i samla flokk drog til Sand og braut ned det nybygde kjeret på nordsida av fossen. Dei meinte å ha Magnus Lagabøtes landslov på si side. Der heiter det at ingen skulle hindra Guds gåve (laksen) å gå til fjells som til fjøre. Om nokon stengjer elva skal dei som eig ovanføre setja han fem dagars frist på tinget til å bryte ned det som ulovleg er sett opp. Om han ikkje bryt det ned, skal dei krevja folkehjelp til å bryta det ned. Kannikane gjekk til søksmål, og det vart mange rettsomgangar med ulike resultat. Haldor lagmann sin dom som gjekk i suldalsbøndene sin favør vart overprøvd av abbed Eirik på Munkeliv kloster i Bergen den 24.5.1295. Med dette fekk sira Bård løyve til å bruke alle slag fiskereidskap, herunder kjer, utanfor sitt land, d.v.s. nordsida.
Sjå også Diplomatarium Norvegicum 35.
Sigurd lagmann underrettar kong Håkon om å ha dømd i striden mellom kannikane og suldølene om karfiske på sørsida av fossen. Kong Håkon stadfestar dommen.
Her var det eit øvre kar frå gamalt og eit nyare nedre kar kannikane hadde fått oppført etter å ha overtatt Fakstad frå Biskop Arne. Dommen til Lagmann Sigurd var at det øvre kar med laksefiske tilhøyrde Fakstad (kannikane i Stavanger). Det nyare nedre karet bad Sigurd at kongen tok stilling til. Kongen stadfestar dommen 13.desember, men utset avgjerd om det nedre karet til saka er nærare undersøkt. Karet skulle derfor førebels ikkje byggjast opp att.
Sjå også Diplomatarium Norvegicum 51.
Sigurd Lagmann dømmer i strid om fisket mellom kannikane, leilendingane på Fakstad og munkane på Halsnøy kloster
Domen av 15.mai 1306 vart stadfesta av kong Håkon Magnusson den 5.august same år og innebar at kannikane og leilendingane deira på Fakstad fekk stadfesta rett til eit separat fiske i fossen i tillegg til fellesfisket med Halsnøy-munkane og deira leilendingar. Sjå også Diplomatarium Norvegicum 63. Denne dommen fall halsnøymunkane såpass tungt for brystet at dei fann grunn til å ta saka i eigne hender.....
Striden mellom kannikane og munkane på Halsnøy går ut over leilendingane på Fakstad
Abbed Eirik på Halsnøy ville dra striden med kannikane i Stavanger for verdsleg rett medan biskop Kjetil åtvara mit dette i brev der han meinte at ein strid mellom kyrkjelege instansar burde avgjerast ved kyrkjeleg rett. Han stemna abbeden til møte på Sand ved Mikkjelsmess. I staden tok munkane saka i eigne hender og skamslo kannikane sin leilending på Fakstad, Hafr Gudleikson og andre i familien hans.
Diplomataricum Norvegicum 86. bDiplomataricum Norvegicum 90Diplomataricum Norvegicum 118Les meir i Sand - Gardar og folk bind III.
Lagmann Jon Torsteinson avseier ny dom i tvist mellom suldølene og eigarane av fisket på Fakstad og Sand den 16.juli. I denne dommen vert det opplyst at fisket vart drive av 4 interessentar til 3 partar: Domkapitlet i Stavanger (kannikane) (1 part) Halsnøy-munkane (1 part), presten på Sand og hr. Finn Ogmundssøn (Lagarhus)(1 part saman). For kannikane møtte Orm Aslakson og sira Bjørn, for Halsnøy møtte abbeden og fleire klosterbrør og mange av suldalsbøndene. Suldølene hadde igjen klaga på fiske nederst i elva (m.a. fossen) og kravde det fjerna. Suldølene tapte nok ein gong hovudkravet, men det vart fastslått at det ikkje skulle setjast "skurrer" ut i hovudfossen.
Norges drottsete Ogmund Finnson gir Lagarhus-fisket til korsbrørne ved St. Svithun kyrkje mot at dei les ei messe for hans sjel kvar veke.
Diplomataricum Norvegicum 523Les meir i Sand - Gardar og folk bind III.
Nokre bønder hadde brent berget i Sandsfossen og gjort skade på kjeret til Halsnøy kloster på sørsida.
Det kan ha vore suldalsbøndene att, og dei gjorde det truleg for å få vatnet til å ta ei anna retning. I eit brev frå 1392 gir Torstein, abbed på Halsnøy fullmakt til sira Svein Torgilsson, korsbror i Stavanger å stemna bøndene til forlik.
I 1588 og 1592 vart nye dommar avsagt i tvisten mellom fiskeinteressentane på Sand og suldalsbøndene. Sistnemnde hadde sommaren 1587 "med vold ødelagt laksekarret på Sand-siden og jaget bort Fiskeriets folk med trudsel og vold. Dertil hadde suldølerne med vold bemektiget sig nogen baater fulde av store sten, og nedsænket dem midt i notstedet". Dom i saka gjekk igjen suldølene imot og saka enda med at kvar av dei 24 menn som var involvert i valdshandlingane skulle betale omkostningar og 1 mark til kongen. Suldølene forplikta seg til "aldrig mer herefter at tilføie nævnte kapitel og Halsnøy klosters forstandere eller deres folk nogen skade på deres fiskeri eller eieldom, som de nu har gjort. Heller ikke skal de la tømmer der fra dalen løpe ut i fossen al den stund fiskeriet paagaar".
Dom av 28.6. avsagt av Peder Thaat, høvedsmann på Bergenhus, mellom suldølene og "Fiskets" representantar
Her møtte mellom andre superintendent Jørgen Erichsen (seinare biskop kalla Norges Martin Luther) for Fisket. Denne gongen starta det med at suldalsbøndene hadde klaga på fisket ved Sandsfossen og i munninga til stathaldar Axel Gyldenstierne, særleg fordi kannikane og klosteret hadde sett i gang eit nytt notfiske i elvemunninga. Dommen går nøye gjennom tilhøva på staden. Det vert gjort oppmålingar og "landsleiebolkens 48.kapittel vert gjennomgått. Retten endar med å slå fast at kannikane og klosteret sine folk "ikke har ladt bruke fiskeri i Suldalselv imot nævnte § i Norges lov paa nogen maate."
I 1592 heitte det at bøndene hadde "også ladet bygge Sager opp i elven og nedflodes sagtømmer, bord og andet, medens laxefislet er forhaanden og dermed forhindre og forkomme fisken, både for dem selv og andre, foruden annen umage"
Dommar mellom fiskeinteressentane og forpaktar på Sand, Henrik Pedersen.
Den nye leilendingen på garden Sand, prestesonen Henrik Pedersen, hadde teke til med å byggje eit kjer, eller ein steingard for å fanga laks i elvemunninga ovanom domkapitlet sin notplass. Han vart dømd til å slutte med dette, men året etter vart han stemna for å ha teke laks med jernskot eller lyster.
Det vert ein hard strid i retten med gjensidige skuldingar om lovbrot mellom mellom Poul Knudsen, som då leigde fisket, og Henrik Pedersen. Striden endar med at Henrik vart frådømd forpaktinga av garden.
Suldølene mobiliserte igjen mot laksekjera i Sandsfossen. Dei hadde følgt nøye med tida då kjerfisket etter dommen i 1592 skulle vere slutt. Då dei framleis stod ute 8 dagar etter Barsok gjekk dei 5 bøndene Hallvard Foss, Ola Kvæstad, Oosmund Vasshus, Jacob Ritland og Berg Mo til aksjon og tok ned laksekjera. Dei vart stemna for retten av paktaren madam Elisabeth Seehuusen i Stavanger med krav om å vise kva rett dei hadde til å slå ned laksekjera i "utilbørleg tid". Men bøndene hadde visst forrekna seg på ein kalenderrevisjon og måtte be om orsaking. Saka var oppe på to ting, mern vart truleg forlikt utan fellande dom.
Våren 1719 gjekk ein del suldøler til Grov i Sandsbygda og reiv ned renna til eit laksekjer for Svein Grov. Han stemnde suldølene for retten, og saka kom opp våren 1720. Renna og kjeret stod på Grov-sida av fossen og retten fann at det var 18 alen der fossen var fri over til andre sida "hvor laxen har sin gang til Suldal". Retten peika på at "hver mand skal nyde vand og fiskeri for sin jord, som af gammelt haver verit" og "ingen maa giøre anden hindring paa det fiskeri hand har haft af alders tid". Suldølene vart altså dømde til å betala bot på 16 riksdaler og erstatte skaden.
Avtale mellom Sands Laksefiske og suldalsbøndene.
Kammerråd Peder Valentinsen og Michael Leigh Smith i Stavanger, som nå bygsla karfisket i Sandsfossen, kjem ogaå i klammeri med suldalsbøndene om karfisket. Men etter at tiltale var reist, kom det i stand eit omfattande forlik der suldalsbøndene mellom anna var representert ved soknepresten Imanuel Ross:
1. Dei to laksekar som "Soeledahls laxefiskeries eyere og brugere hvert år i juni maaned paa sine sedvanlige steder udsætter" skal kunne stå like til 25 september (3 veker lengre enn før).
2. Deersom den største eller beste flaumen ville komma først etter 25. September "og høvedsmanden observerede at elven var saa stor at Laxen ey kunde gaa op for den Steiglede og Sterke foss, men fisken nedenfor matte blive staaende, eller derfor flytte sin gang hen igiennom Søfde fioren, da haver hoøvedsmanden 3de dage forud at opsende bud til Stædets Sognepræst og Nærmieste Elven boende bønder at de nedsender 1 a 2 eller flere mend paa deris veigne das dennem schal leveres halvedeelen af ald den lllLax som fanges i Karmen efter den 25 Septbr. Og det så lenge som Eyerne og brugerne vil lade Karmen staa udj et sådant aar."
3. Valentinsen og Smith skulle bekoste "fredlysing" av elva mot ein del ulovleg "fiskeinstrument af såkaldede Skotler, Sløer, Lyster, Mæhrer og teiner eller andet utilladeligt fischebrug "
4. Soknepresten i Suldal og bøndene skulle på si side også sjå til at ingen forhindra fiskens opp- og nedgang og påtala alt ulovleg fiske.
5. Valentinsen og Smith fråfell på dette grunnlaget "et paabegyndt" søksmål mot bøndene.
"Udklekningsapparat med Vandledninger"
Det hadde gått attende med laksefisket. Landhandlar Peder Tonning på Sand kjøpte 1/3 av fiskerettane i fossen og sette opp eit "Udklekningsapparat med Vandledninger" på Eide.
Siste kapittel i retssstriden mellom Sands Laksefiske og suldalsbøndene.
Sands Laksefiske hadde i 1856 sett opp eit nytt laksekjer på sørsida av Sandsfossen. Suldalsbøndene reagerte nok ein gong med å riva ned kjeret. Dei klaga samstundes på bruk av garn og nøter i Fosshølen. Saka vart pådømd i 1862 og enda med at Sands Laksefiske nok ein gong vart frikjende. Gjennom rettssaker i nesten 600 år var det såleis berre ein gong at ei rettsavgjerd gjekk i suldalsbøndene sin favør (Halldor lagmann sin dom på 1290-talet), men denne dommen vart seinare oppheva.
Archer
Walter og Alice Archer saman med oberst James Hunter frå England leiger alle lakserettane mellom Roalkvam (austre enden av Suldalsvatnet) og ut til Jelsa for 40 år. Dette var eit storstilt og truleg unikt eksperiment med sikte på fredning, forskning og kultivering av laksestamma for sportsfiske.
Følgjande er sitat frå boka "Laksen og Lågen" av Tor Sylte:
"Sommeren 1883 dro et ungt engelsk par nedover hele Vestlandskysten fra Nordmøre til Rogaland...Mesteparten av turen foregikk med robåt... Det var Walter E. Archer og hans kone Alice som var på leting etter en elv. En elv de ikke bare kunne fiske i – men som de også kunne pleie og frede slik at den igjen ble like rik på laks som den var før mennesket rykket inn med garn og kjerr. De fant endelig elven på Sand. Etter en lang vinters underhandlinger med bønder og fiskere fikk de rettighetene samlet på en hånd."
"Hans barnebarn Esther Blackburn forteller på grunnlag av besstefarens dagbøker om hvordan han måtte sitte time etter time på kjøkkenet i lange vinterkvelder hos grunneiere som aldri kunne bestemme seg. Og der satt man "enten i taushet eller i samtale om alt annet enn leiespørsmålet, fordi det ikke var korrekt og passende å nevne dette annet enn i en bisetning før man skiltes.""
Dei årlege fangstoppgåvene til Archer fortel at kultiveringsarbeidet var vellukka: Første året i 1884 vart det teke 213 laks på 1606 kg medan det i 1897 vart teke 795 laks på 6518 kg. Både antal og storleik på fangatane gjekk opp. I tillegg vart det betre fangatar for kilenotfiskarane i sjøen.
Engelskmennene si interesse for Lågen gav viktige ringverknader for bygdesamfunnet. Det vart bygt 4 større fiskarhytter – eller "lakseslott" oppover dalen: Rophaug (Archer), Hiimsmoen (Hunter), Juvåsen (Campbell) og Lindum (Sibthorp). Desse husa er framleis i bruk. For ettertida er Alice Archer sine fotoalbum frå denne perioden flotte og viktige dokument frå natur og kultur på denne tida.
Les meir.
Suldalslågen i Høgsterett
Ein lang rettsprosess mellom bøndene på Hauge og Skeie (del av tidl. Fakstad) enda i 1935 med dom i Høgsterett om den generelle fiskeretten utanfor desse gardsbruka. Bøndene som hadde kjøpt gardsbruka frå kyrkja i 1827 og 1848 meinte at Sands Laksefiske sine fiskerettar var avgrensa med stad og reidskap. I retten vart dei historiske dokumenta over ein periode på 600 år gjennomgått og Sands Laksefiske trekte på nytt det lengste strået. Minst tre gonger har tvistar om fiskerettar i Suldalslågen vore gjennom heile rettsapparatet og enda med dom i Høgsterett (1935 og to saker i 1961). I tillegg har det etter 1970 vore ei lang rekkje med omfattande lakseskjønn i samband med kraftutbygging.
Ny fredningsplan
Kjer-, not og garnfisket etter laks i Lågen vart teke opp att etter at Archer sin leigekontrakt gjekk ut i 1924. Gjennom fredningsvedtak etter lakselova av 1930 hadde kjerfisket vorte innskrenka frå 7 til 4 dagar i veka og vart nytta til 25 august mot tidlegare 25. September. 1951 eller 1952 var siste året det vart fiska med kjer i Sandsfossen. Charles R. Bergesen kjøper aksjane i Sands laksefiske i 1952 og leiger etter kvart det meste av fiskerettane i elva. I 1953-54 vart det skipa elveigarlag for Sand og Suldal. Ein fredningsplan bygt på avtalar mellom Sands Laksefiske og dei andre elveigarane vart gjort gjeldande i 1957 og gjekk ut på fredning for alt anna enn stongfiske i 20 år.
"Eventyråret"
1964 vart historisk toppår for laksefisket med 7980 kg laks med ei gjennomsnittsvekt på laks over tre kg på 9,6 kg. 30.juni vart det tatt 21 laks på til saman 231 kg på stong under Sandsfossen. Lågen var blitt ein populær fiskeplass mange "notabilitetar" og LIFE magazine publiserte ein stor billedreportasje om elva og vassdraget.
Røldal-Suldalutbygginga
10.desember 1962 godkjende Stortinget omfattande planar om kraftutbygging i Røldal og Suldal, eit samarbeidsprosjekt mellom Hydro som utbyggjar og operatør og staten. Ferdig utbygt gir dette anlegget vel 2500 GWh pr år med ein installasjon på 570 MW fordelt på 7 kraftverk og maksimal driftsvassføring frå Suldal I og II på ca 90 m3/sek. Fork Suldalslågen innebar ei regulering av elvane i Røldal, Bratlandsdalen, Stølsdalen og Roalkvam redusert flaumvassføring i sommarhalvåret og auka vassføring om vinteren. Utbyggjar var i konsesjonen pålagt å sleppe minst 42 m3/sek. "laksevatn" frå vårkulminasjon i mai til 1.august. 1. Aggregat i Suldal I vart sett i drift i oktober 1965.
Ulla-Førreutbygginga
13. juni 1974 gjorde Stortinget vedtak om samtykke til Ulla-Førre-utbygginga, det største vasskraftprosjektet i Norge nokon gong. Produksjon i eit middels år er ca 4500 GWh, men "tørrårsmagasinet Blåsjø og maskinkapasiteten i Saurdal og Kvilldal gjer det mogleg med produksjon på 7-8 000 GWh i enkelte år. Her er Statkraft SF utbyggjar og operatør. Sjå også Statkraft.
Anlegget har tre store kraftverk (Kvildal 1240 MW, Hylen 160 MW og Saurdal med 640 MW for produksjon og 320 MW for pumping). Blåsjø er hovudmagasin og strekkjer seg over 82 km2 med magasinvolum på 3105 m3 over eit grunnfjellsområde mellom Bykle, Hjelmeland og Suldal. Blåsjø vert halden på plass av ei rekkje svære betong- og fyllingsdammar og vart første gong oppfylt sommaren 1989. Prosjektet inneber overføring av elvane Førre og Ulla m.fl. til Suldalsvassdraget slik at middels tilsig til Suldalsvatnet er auka frå 91 til 150 m3/sek. Samstundes medførte Hylen kraftverk, idriftssett i 1981, overføring av vatn frå Suldalslågen til Hylen, d.v.s. tapping forbi Lågen.
Etter opphavleg konsesjon skulle Hylen kraftverk vere stengt i juni og juli av omsyn til lakseoppgangen. Dette kunne tidvis gje stor sommarvassføring og låg sommartemperatur i Lågen. Maksimal driftsvassføring i Hylen er 273 m3/sek der fallet er 68 meter. I tillegg er det laga omlaupstunnel for å unngå skadeflaum i Lågen. Hylen kraftverk inneber at vassføringa til Lågen ut frå Suldalsvatnet vert styrt etter eit manøvreringsreglement som må seiast å ha blitt det nye hovudstridsemnet for elva. Men prosjektet medførte at vintervassvøringa kunne regulerast attende til nivået i naturleg tilstand. Som venta medførte reguleringa (periodevis) noko surare vatn i Lågen og noko lågare sommartemperatur, begge delar med moglege skadeverknader for fisken i elva.
Prøvereglement og forskning
Frå 1990 har det vore innført vekslande prøvereglement for Suldalslågen med sikte på "ei meir fleksibel fastsetjing av vassføring" samstundes som forskjellige andre tiltak skulle undersøkjast. Den førebels siste prøveperioden som er innleia i 2001, vil truleg strekkje seg til 2004 eller 2005 då det etter føresetnadene skal fastsetjast eit "endeleg" manøvreringsreglement for elva. Det særmerkte med denne siste prøveperioden er låg vassføring før fiskesesongen om våren. Elveigarlaget er, liksom miljøforvaltninga, kritisk til dette og vil arbeide for at denne prøveperioden vert så kort som råd. Gjennom prøveperiodane fram til 1997 gjennomførte det såkalla Lakseforsterkningsprosjektet (LFS) eit omfattande forsknings- og undersøkingsprogram der resultata er samanfatta i ein rapport som kan lesast hos Statkraft SF.
Suldal Elveigarlag byggjer klekkjeri på Vasshus (ca 1 mil opp frå Sand) med vatn frå Ritlandsvatnet.
Anleggert har årleg produsert ca 150 000 stk einsomrige lakseungar (dei første åra) eller ca 50 000 (tosomrig) smolt (dei seinaste åra.). P.g.a. næringstilhøve og temperatur i elva ser det ut til at smoltutsetting gir best overleving og tilbakevandring. Forsøk med sleping av utsettingssmolt ut Sandsfjorden tyder også på at utvandringsfasen er eit vanskeleg nålauga for laksungane, truleg p.g.a. påslag av lakselus og predasjon frå fisk og fugl. (Bilde) Klekkjeriet på Vasshus vert utvida i 2001 med ein eigen seksjon for klekking av fjellaure (ca 50 000 stk einsomrig) for utsetting i reguleringsmagasin og enkelte uregulerte vatn i nedslagsfeltet til Suldalslågen og overførte elvar.